ASTRONOMI
GUIDEN




Osorterat > Dummie-spørsmål om Celestron Firstscope - på norsk :)

Okänd användare
Sön 15 feb 2015 22:56:04
Skreiv nett eit innlegg, men trur ikkje eg fekk posta det. Ein admin kan sikkert slette det om det blir dobbelpost...

Har altså eit slikt teleskop: http://www.celestron.com/browse-shop/astronomy/telescopes/firstscope-telescope
Med denne ekstrapakken: http://www.celestron.com/browse-shop/astronomy/accessories/other-accessories/firstscope-accessory-kit

Og berre for å ha det sagt, så forventar eg ikkje å sjå til enden av universet med eit såpass billig leiketøy. Men eg har forstått det som at det skal vere mogleg å sjå f eks planeter med litt detalj. Denne fyren får i alle fall til det: http://www.umich.edu/~lowbrows/reflections/2009/yinugi.3.html

Han skriv at han bruker 2xBarlow (kva er det? Noko han har mekka på sjølv eller noko som er i teleskopet?)og at det skal bli 100x forstørring.

Eg ser Jupiter som ei uklar lysboble, rett nok med 4 månar. Brukte 6mm-okularet frå tilleggspakken. Det skal iflg bruksanvisninga gje 50x forstørring, som vel burde gå greit å få skarpt? Er det ikkje 50x per inch som er tommelfingerregelen ca?

Det står forresten H6mm på okularet, mens det står SR4mm på eit anna. Kva betyr bokstavane?

Kva gjer eg feil når eg ikkje får til å stille skarpt med 6mm? Og kva bør eg eigentleg prøve å sikte på med dette teleskopet? Kan eg forvente å sjå noko som helst som eg ikkje kan sjå i ein heilt vanleg kikkert?

sis- frustrert amatør

Copyright 1999-2017 AstronomiGuiden

Information

fsk löfdsj fkdsl jfdkls jfksld jsakfl dsjk lfds